Om korpset

Radøy Brass vart stifta hausten 1982 etter ei samanslåing av Hordabø Ungdomskorps og Nordhordland Brass. Reint geografisk høyrer me heime på Radøy i Nordhordland, eit område som skulle vere velkjend for dei fleste brassentusiastar.

Radøy Brass deltok i Noregsmeisterskapet for Brass Band for første gong i 1983, og har sidan den gong ei rekkje gode resultat å sjå attende på. Me har vorte Noregsmeistrar i 1. divisjon heile fem gonger, og har òg ved fleire høve «ete kirsebær med dei store» i den øvste divisjonen.

Medlemmane i Radøy Brass består av ei god blanding av unge dyktige musikarar på veg opp og fram, og litt «eldre» ringrevar som sørgjer for rutine og kontinuitet i rekkjene. Miljøet er prega av godt kameratskap og eit felles ynskje om at kvalitet til ei kvar tid skal kjenneteikne det me driv med.