Velkomen til konsert

Det er duka for konsert att og me har gleda av å ha Manger Old Star som gjestar. Håper mange finn vegen til Manger Folkehøgskule for å tilbringe kvelden i lag med oss. Det vert sjølvsagt kaffi og kaker i pausen :)

Gratis inngang !!

 

 


Radøy Brass’ Julekalender 2011

Årets julekalender er i salg.

Radøy Brass’ Julekalender 2011 kostar kun kr. 100,- og du kan vinne ei gåve til ein verdi av 100 – 500,- kr. kvar dag frå 1. – 24. desember.

Dagens vinnartal vert publisert på denne sida. Resultatliste: Klikk her

Ønskjer du å støtta oss ved å kjøpe kalenderen vår kan du kontakta Brit-Ingrid på mobil 92840253 eller email: bi-eknes@online.no

Me ynskjer alle ei koseleg adventstid :)


Siddis Brass 2011

Radøy Brass er vel heime etter ei flott helg i Stavanger og Siddis Brass 2011. Me spelte oss til ein fantastisk 3. plass i 1. divisjon.  Takk til Magnus Brandseth for ein super jobb i haust.

Me gratulerer alle vinnarar i årets konkurranse.

Resultatliste: Klikk her


BrassWind

Radøy Brass ynskjer Manger Musikklag lukke til med BrassWind-festivalen 2011 og oppfordrar alle til å ta turen innom for å få med seg litt nyskreven musikk.

Program


Sesongens første…

Radøy Brass har sin første konsert for sesongen fredag den 23. september i utstillingshallen på Radøy Ungdomsskule.
Med oss har me vår faste dirigent Magnus Brandseth, og me lovar eit flott og variert program, med flotte soloistar og mykje god musikk.

Vonar at du tek turen innom for å høyre på!

Velkommen


Sesongstart

I dag er det endelig sesongstart i Radøy Brass. Me ynskjer nye og gamle medlemmer velkommen til øving. Ynskjer sjølvsagt også Magnus, som skal styre oss nok en sesong, spesielt velkommen :-)


Radøy Brass ynskjer alle deltakarar i NM for skulekorps lukke til :-)

Les meir

Grenland 2011

Me er vel heime etter ei kjekk helg i Skien kor me har deltatt på Grenland International Brass Festival.

Sjølv om me ikkje klarte å nå heilt til topps i år, så reiste me ikkje heim tomhendte. Me fekk prisen for beste hymne og Hildegunn Sture Sylta vann solistprisen. Gratulerer så mykje, Hildegunn :-)

Eikanger-Bjørsvik vann elitedivisjon, Oster vann 1. divisjon, Grenland Brass vann 2. divisjon med Manger Folkehøgskule på 2.plass og Langhus Brass vann 3. divisjon. Gratulerer til alle vinnere.


EM siger til Manger Musikklag

Radøy Brass gratulerer Manger Musikklag med siger i EM.

Fantastisk bra og vel fortjent :-)


Helgetur til Solund

Forrige helg tok me turen til vakre Solund  På programmet stod øving og instruksjon i lag med Solund Skulemusikk. Me fekk også tid til å øve litt på Grenland musikken vår. Det var ein munter gjeng som ankom fredag kveld og reiste heim att søndag etter ein særs velluka konsert. Det var full konsertsal då Skulemusikken opna konserten. Me fekk også høyre dei flinke aspriantane før Radøy Brass entra podiet. Konsertens høgdepunkt var nok då me avslutta konserten med to fellesnummer i lag med skulemusikken.


Takk til Solund skulemusikk for at de tok i mot oss og organiserte helga på ein strålande måte med både overnatting og deilig mat !!!


Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.